Oppstarten
KlimalabUtgangspunktet for bygginga av Klima- og energilaboratoriet ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta, var det nasjonale prosjektet «Grønne energikommuner».
Det vart lansert i 2007, og bak dette prosjektet sto tre departement; Kommunal- og regionaldepartementet, Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet saman med KS.
Formålet var å få kommunane til å satse på energieffektivisering og fornybar energi for å redusere utslepp av klimagassar.
Einaste fylkeskommune
21 kommunar deltok i dette prosjektet, og Oppland fylkeskommune (OFK) var einaste fylkeskommune. På den vidaregåande skulen på Otta var ei stor ombygging under planlegging, og skulen vart i 2009 valt ut til å vera deltakar for fylkeskommunen i det nasjonale klimaprosjektet.
Som deltakar i prosjektet fekk skulen og OFK rådgjeving og støtte frå ei fagleg ressursgruppe som var knytta til det som vart omtala som «0-visjonsprosjektet. Fleire tiltak som seinare vart realisert var lansert i møte mellom skulen, OFK og den eksterne ressursgruppa.
Moderne miljøskule
Vedtaket om å gjera skulen på Otta til ein miljøskule hadde som konsekvens at det mest moderne energisparande utstyret måtte installerast i samband med ombygginga. Det vart vidare bestemt å bygge eit skjermingsbygg på nordsida av skulen for å spare energi og at eit frittståande klima- og energilaboratorium skulle reisast.
Finansiering
Det følgde ikkje med økonomisk støtte til bygging av klima- og energilaboratorium, og finansiering av dette var derfor ei stor utfordring for skulen og fylket. Rektor og eiendomssjefen frå OFK var saman med stortingspolitikarar frå Oppland i møte med både Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og Kunnskapsdepartementet for å få økonomisk støtte til bygging av laboratoriet.
Det var avgjerande for endeleg realisering at KRD bevilga 1 million gjennom Husbanken. OFK følgde opp med 4 millionar og signal om tilleggsbevilgning. Dermed var det økonomiske fundamentet på plass, og plan for gjennomføring kunne starte.
Lære om miljøet og satse på realfag
Ideen om å bygge eit klima- og energilaboratorium kom som eit resultat av at skulen ønska at læringsaktiviteten til elevane måtte få ein forsterka miljøprofil. Elevane skulle oppleve å gå på ein skule der det vart gjort noko aktivt for å styrke kunnskap om dei store miljøutfordringane lokalt og globalt. Å auke kunnskapen om klimaproblematikk hjå elevar er å skape holdning og handling og investere i eit betre miljø.
Målet for bygget var å etablere ein nasjonal pilot både for byggteknologi og læringsaktivitet knytta til klima- og energispørsmål og å styrke satsinga på realfag.
Etableringsfase
I perioden 2015–2017 er det utvikla ein struktur med transportstøtte for å kunne ta imot elevar på ekskursjon frå dei øvrige videregående skulane i Oppland.
Klima- og energilaboratoriet er også med som pilot i ein bookingportal, www.greenvisits.no, for besøkjande delegasjonar frå heile verda.
Det er utvikla nettverk lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og interaksjonen med omverda aukar. Ein fytotron for å studera fotosyntesen er laga, og det er investert i ulike materiell for å gjennomføre aktiviteter. Data frå Klimalab er lagt ut nett, så dei kan nyttast av andre skuler og øvrige interessentar.
Kompetansesenter frå 2018
Ut ifrå erfaringane i etableringsfasen, utviklast Klimalab vidare. Klimalab skal vere eit kompetansesenter for dei vidaregåande skulene i Innlandet innan grønn framtid, med vekt på blant anna forbruk, teknologi og entreprenørskap.
Klimalab reiser rundt til klasser, og tek imot klasser til omvisning og opplegg på Otta.