Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Om klimalaben

Klimalaben er lagt til rette for å ta i mot besøk frå vidaregåande skuler i Oppland og elles skular, leiarar, fagfolk og beslutningstakarar frå verksemder i og utanfor landet. Frå 2018 er Klimalaben kompetansesenter innan grønn framtid for de vidaregåande skulene i Oppland, med vekt på innovasjon og entreprenørskap.

Bygget produserar sin eigen energi i store deler av året. Straum får bygget frå 30 fastmonterte solcellepaneler på taket og 5 bevegelege, ved siden av bygget. Dessutan også frå ei 5 kW vindmølle. Oppvarming av bygget kjem frå ei luft til vann varmepumpe og solfangarar.

Dette er historien

Ute - Klikk for stort bilde Klimalaben Utgangspunktet for bygginga av Klima- og energilaboratoriet ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta, var det nasjonale prosjektet «Grønne energikommuner» som vart lansert i 2007. Bak dette sto tre departement; Kommunal- og regionaldepartementet, Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet saman med KS. Formålet var å få kommunane til å satse på energieffektivisering og fornybar energi for å redusere utslepp av klimagassar.

Einaste fylkeskommune

21 kommunar deltok i dette prosjektet, og Oppland fylkeskommune (OFK) var einaste fylkeskommune. På den vidaregåande skulen på Otta var ei stor ombygging under planlegging, og skulen vart i 2009 valt ut til å vera deltakar for fylkeskommunen i det nasjonale klimaprosjektet.

Som deltakar i prosjektet fekk skulen og OFK rådgjeving og støtte frå ei fagleg ressursgruppe som var knytta til det som vart omtala som «0-visjonsprosjektet. Fleire tiltak som seinare vart realisert var lansert i møte mellom skulen, OFK og den eksterne ressursgruppa.

Moderne miljøskule

Vedtaket om å gjera skulen på Otta til ein miljøskule hadde som konsekvens at det mest moderne energisparande utstyret måtte installerast i samband med ombygginga. Det vart vidare bestemt å bygge eit skjermingsbygg på nordsida av skulen for å spare energi og at eit frittståande klima- og energilaboratorium skulle reisast.

Finansiering

Det følgde ikkje med økonomisk støtte til bygging av klima- og energilaboratorium, og finansiering av dette var derfor ei stor utfordring for skulen og fylket. Rektor og Håkon Kleiven frå OFK var saman med stortingspolitikarar frå Oppland i møte med både Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og Kunnskapsdepartementet for å få økonomisk støtte til bygging av laboratoriet.

Det var avgjerande for endeleg realisering at KRD bevilga 1 million gjennom Husbanken. OFK følgde opp med 4 millionar og signal om tilleggsbevilgning. Dermed var det økonomiske fundamentet på plass, og plan for gjennomføring kunne starte.

Lære om miljøet og satse på realfag

Ideen om å bygge eit klima- og energilaboratorium kom som eit resultat av at skulen ønska at læringsaktiviteten til elevane måtte få ein forsterka miljøprofil. Elevane skulle oppleve å gå på ein skule der det vart gjort noko aktivt for å styrke kunnskap om dei store miljøutfordringane lokalt og globalt. Å auke kunnskapen om klimaproblematikk hjå elevar er å skape holdning og handling og investere i eit betre miljø.

Målet for bygget var å etablere ein nasjonal pilot både for byggteknologi og læringsaktivitet knytta til klima- og energispørsmål og å styrke satsinga på realfag.

Etableringsfase

I perioden 2015 til 2017 er det utviklet struktur,med transportstøtte, for å kunne ta i mot elevar på ekskursjon frå dei øvrige videregående skulane i Oppland. Klimalaben er også med som pilot i ein bookingportal www.greenvisits.no, for besøkjande delegasjonar frå heile verda. Det er utvikla nettverk lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og interaksjonen med omverda aukar. Ein fytotron for å studera fotosyntesen er laga det er investert i ulike sorter materiell for å gjennommføra aktiviteter. Dataene frå Klimalaben er lagt ut nett, så dei kan nyttas av andre skuler og øvrige interessenter.

Kompetansesenter frå 2018

Ut i frå erfaringane i etableringsfasen, videreutvikles Klimalaben som kompetansesenter for de videregående skolene i Oppland, for ei grønn framtid, med vekt på blant anna innovasjon og entreprenørskap.

Sist oppdatert 18.12.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering