Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Teknologi og forbruk på timeplanen

  Marit Sletten/Klimalaben 6. og 7. klasse på Otta skole har vore på besøk i Klimalaben denne veka.

Ein nærstudie av jorda og atmosfæra - Klikk for stort bildeEin nærstudie av jorda og atmosfæra Marit Sletten/Klimalaben

 

Engasjerte elevar

Elevane viste stor interesse for tema som vart prensentert i Klimalaben og jobba flittig med oppgåvene dei fekk. 

Stasjon om forbruksvarer. - Klikk for stort bildeStasjon om forbruksvarer. Marit Sletten/Klimalaben

Variert innhald

Tema for dagane var teknologi og mekaniske leiker for 7. klasse, mendan 6.klasse lærte om klima og miljø og utfordringar knytt til dette. 6. klasse hadde mellom anna stasjonar med forbrukarval som tema. Elevane hadde jobbe med dei same tema før dei kom slik at dei kunne litt om det. 

Kompetansemål

Opplegga i Klimalaben tek utgangpunkt i kva læraren ynskjer at elevane skal jobbe med. Begge trinna jobba her med tema som er dirkete knytt til læreplanen i naturfag.

7. klasse jobba med kompetansemåletRobotlego - Klikk for stort bildeRobotlego Marit Sletten/Klimalaben  "planlegge, bygge og teste mekaniske leker og forklare prinsipper for mekaniske overføringer"

6.klasse jobba mellom anna med å "beskrive livsløpet til et produkt og diskutere i hvilken grad produktet er forenelig med bærekraftig utvikling" og "forklare begrepet klima, kjenne til noen årsaker til klimaendringer og undersøke og registrere konsekvenser av ekstremvær".

Klimalaben vil ha meir besøk

Otta skole er flittige til å bruke klimalaben og det er flott for både elevane og klimalaben. Marit Sletten/Klimalaben Klimalaben ynskjer seg enda meir besøk, både frå vidaregåande skule og andre skular i regionen.  Ta kontakt!

Sist oppdatert 26.04.2018
Fant du det du lette etter?