Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Ny forsking om Klimalaben

Vindmølla - Klikk for stort bildeVindmølla Inger Oddrun Sverkmo Ei ny masteroppgåve viser at det kan vere lønsamt å utvikle metoder for berekning av energiforbruk i passivhus.

I si masteroppgåve ved NTNU har Charlotte Furholt undersøkt oppvarmingssystemet i Klimalaben for å kunne seie noko om det faktiske varmebehovet og samanlikna det med det som var kalkulert under prosjekteringa av varmesystemet.

Energieffektivisering

Bakgrunn for problemstillinga er at det ofte viser seg å vera eit stort avvik mellom berekna og verkeleg effektbehov i passivhus, noko som gjev ekstrakostnadar og auka energibruk.

I oppgåve kjem det mellom anna fram at «Energiforbruket og de totale årlige kostnadene for det opprinnelige oppvarmingssystemet var 5 902 kWh og 30 524 NOK. Etter optimaliseringen (...) ble energiforbruket og redusert til 1 596 kWh og de årlige kostnadene ble redusert til 15 863 NOK.»

Nye modellar

Denne masteroppgåva viser at det kan vere mogleg å finne ein modell for å prosjektere oppvarmingssystem i passivhus for å kunne dimensjonere anlegg riktig, og slik unngå overdimensjonering og unødig bruk av pengar eller energi. Det er likevel stor usikkerheit knytt til studiet og meir forsking må til.  

Her kan du lese heile oppgåva.

Vi takkar for samarbeidet med Charlotte og resultata oppgåva har gjeve oss.

Vil du skrive oppgåve knytt til oss? Ta kontakt!

Sist oppdatert 10.01.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering