Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Energidagen

Born på besøk i Klimalaben på Energidagen - Klikk for stort bildeBorn på besøk i Klimalaben på Energidagen Marit Sletten/Klimalaben 50 barnehageborn på elektrisk besøk i Klimalaben. 

Elevar viser og forklarer om solljos på Energidagen - Klikk for stort bildeElevar viser og forklarer om solljos på Energidagen Marit Sletten/Klimalaben Ivrige trinn på Energidagen - Klikk for stort bildeIvrige trinn på Energidagen Marit Sletten/Klimalaben Born på besøk i Klimalaben. - Klikk for stort bildeBorn på besøk i Klimalaben. Marit Sletten/Klimalaben

Energidagen av og for unge 

Torsdag 15. mars var det Energidag på Nord-Gudbrandsdal vgs avdeling Otta. Elevane på vg 2 barne-og ungdomsarbeidar hadde laga opplegg til 5- og 6-åringane som tok turen til skulen og Klimalaben. Energidagen er eit årleg arrangement. 

Elektisk start

Dagen starta i kultursalen med dans til Marcus og Martinus sin "Elektrisk". Dette sette stemninga for både store og små.

Ulike former for energi

Barnehageborna vart delt i grupper og gjekk frå stasjon til stasjon. På stasjonane møtte barnehageborna oppgåver knytt til energi og energiformer, som kompostering, kjeldesortering, sol-og uv-stråler.

Kunnskap for framtida

-Her er det masse lærdom, for både elevane og borna, seier Marit Sletten, som jobbar i Klimalaben.  -Energi-omgrepet er stort og her får borna forske og leike seg. Det er ingen tvil om at forskarspirer med kunnskap om energi er viktig for framtida, fortsetter Sletten.

Gelè satte prikken over i'en

Dagen vart avslutta i kantina der elevane på restaurant og matfag diska opp med mat. Som dessert var det servert gelè med vaniljesaus - til stor glede for mange. 

Sist oppdatert 20.03.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering